Familien Vikse med full pott i Sunnhordland Striken
Først avgjorde Roald Johan Vikse herrefinalen og rett etterpå blei det klart at søstera, Sonja Karin Vikse, vant damefinalen. 2.plassen i herreklassen gjekk til Asle Nordbø, mens Torleif Sælen tok 3.plassen. 2.plassen i dameklassen gjekk til Kathrine Haukefær. Ruben Hansen Sælen vant juniorklassen.

39 spelarar stillte til start i Sunnhordland Striken, derav 5 juniorer. Det blei til slutt 63 starter totalt. I herreklassen låg cutten for å nå finalen på 1258, mens i dameklassen var den 1137.
Leif Arne Stenstad og Asbjørn Lien var suverene etter innledande og leda med hhv 1418 og 1414 poeng. Asbjørn var nær 300 i sin 3. serie, men måtte noko uventa sjå 7'ar kjegla stå igjen på det 12. kastet og dermed blei det 299.
I dameklassen var det Sonja Karin Vikse og Kathrine Haukefær som leda etter innledande. Sonja med 1212 etterfulgt av Kathrine med 1202.
Matchplay 1
Leif Arne Stenstad (Cross) tok i mot Half Lampe (Haugesund) i første kamp. Half spelte ein glittrande kamp med 254 i første og 225 i andre. Det blei ein overbevisande seier med over 90 pinnar ned til Leif Arne som ikkje klarte å opprettholda det høge spelet sitt frå tidligare på dagen.
Asbjørn Lien (Larvik) møtte Torleif Sælen (Stord) i sin første matchplay kamp. Asbjørn gjekk som venta rett i tet med ein 248 serie mot Torleif sine 209. I andre serie snudde det totalt. Asbjørn datt nedpå og klarte kun 177, mens Torleif auka med 25 pinnar fra første serie til 234. Torleif gjekk dermed vidare med sammenlagtsiffera 455 mot 430.
I den 3.kampen var det Kjell Roald Monsen fra Hook og Asle Nordbø fra Mascot som møttes. Kjell Roald spelte bedre enn Asle i innledande, men måtte sjå seg slått med nesten 50 pinnar i første serie, 177 mot 226. Heller ikkje i andre serie fekk han det til og Asle kunne dermed gjera seg klar til semifinale etter ein komfortabel seier, 432 mot 350.
Den siste billetten til semifinalen stod mellom Roald Johan Vikse (Haugesund) og Knut Lønnum (Cross). Roald åpna med kjempespel og 235 i første. Knut fekk det ikkje til og havna på beskjedne 160 poeng. I andre serie var det Roald som ikkje fekk noko til. Bom etter bom resulterte i ein svak 148 serie, men han hadde nok pinnar å gå på etter første serie og tok dermed seieren sammenlagt, 389 mot 348.
Matchplay 2
I første semifinale møttest Asle og Torleif. Det var ein god første serie av begge spelarane, men Asle var eit hode forran etter å ha spelt 227 mot Torleif sine 211. Sammenlagtseieren var åpen heilt fram til siste ruta, men den rutinerte bergenseren klarte til slutt å dra det lengste strået. Det skilte bare 7 pinnar mellom dei 2, 448 mot 441.
Den andre semifinalen var eit reint Haugesund oppgjør mellom Half og Roald. Ein grusom første serie enda til slutt med 131 på Roald og 136 på Half. Begge spelarane klarte heldigvis å auka i siste serie, Half til 137 (!) og Roald til 206. Roald kunne dermed gjera seg klar for finalen.
Første semifinale i dameklassen stod mellom Sonja Karin Vikse (Askøy) og Hilde Teigland (Åsane). Første serie vant Sonja greit 186 mot 157. Andre serie blei jevnare, men Sonja holdt unna og vant med sammenlagt siffera 399 mot 377.
Kathrine Haukefær (Stord) tok i mot Camilla Olafsrud (Fyllingen BK) i den andre kampen. 1.serie blei jevnspelt med 202 mot 199 i Camilla sin favør. I siste serie klarte ikkje Camilla å følga opp og datt ned til 158. Kathrine derimot spelte ein kjempeserie på 220 og var dermed klar for sin aller første turnerings finale.
Finale herrer
Seieren i herrefinalen stod mellom Asle og Roald. Roald kom best i gang med 221 mot Asle sine 204. I siste serie var det Asle som var hakket bedre, men når det gjaldt som mest i 9.ruta så missa han på si første 10'ar kjegle i turneringa. Roald satte sin spare greit og dermed måtte Asle sette 2 strike i siste ruta for å vinne. Det klarte han ikkje og Roald vant dermed Sunnhordland Striken 2010 med 4 pinnars margin!
Finale damer
I damefinalen møttest Sonja og Kathrine. Kathine tapte første serie 177 mot 188, men ho hadde likevel ein ledelse på 2 pinnar grunna meir handicap poeng. I siste serie viste Sonja at formen er inne og spelte ein meget god 218 serie. Kathrine fekk i midlertid lite til å stemma. Ho klarte ikkje å følga opp det fine spelet sitt fra tidligare og enda til slutt på beskjedne 127. Dermed vant Sonja finalen med sammenlagt siffera 420 mot 344.
Junior
5 junior stillte til start i turneringa. Ruben Hansen Sælen fra Stord vant suverent med imponerande 1276 uten hcp. Scoren hadde holdt til ein 6.plass etter innledande spel dersom han hadde stillt i herreklassen.
Ekstra premier
Beste B spelar: Leif Arne Stenstad
Beste C spelar: Torleif Sælen
Beste D-E-F spelar: Håvard Haga
Kathrine og Sonja
Ruben vant junior klassen
Roald får premie for 1.plass av turneringsledar Morten Hillestad
4.plassen gjekk til Half
Håvard Haga fra Stord mottok pris for beste D-E-F klasse.
Kiwi i Sagvåg sponset premiene i junior klassen